tirsdag 2. juni 2009
Gå hit
http://ingridwold.wordpress.com/
fred ut! :)
søndag 17. mai 2009
Ved vegs ende.
Christian, Alex, April, Cody, meg, Casey, Boone og Eric.
Eg og Cassandra, aka the black girl! :D
Eg og Hien.
Christian, eg og Casey!
Laurdag var eg i Amanda sin sweet sixteen. Ho hadde leigd inn ein heil masse av oppblåsbare hoppeslott! Og eg har brennmerker på albogar og kne etter å ha sklidd på plastikken. Eg fekk og ein alboge i panna på ein av aktivitetane. Det var fullstendig utmattande, men guri så artigt. Etter festen hennar for eg, Alex og Justin opp på American Drive in og åt milkshakar, potet og kylling. Frityrsteikt såklart. Elles så vasa me rundt i parken og sånt. Det var skøy.
Sundag, i dag, grunnlovsdagen, stod eg opp klokka 7. 7.40 var me ute av huset for å fare til kyrkja. Joy var ein av sponsorane til konfirmantane, så ho måtte vere der tidleg. Eg passa babyen under gudsteneseten, som tok 2 timar, ettersom alt dei sa på engelsk måtte gjentakast på spansk. Etter det var ferdig for me sjølvsagt til Nana, og hang der heile dagen. Eg for i totida til kyrkja (igjen) , for der var det ein "velsigning til seniorane". Litt ukomfortabelt egentlig, ettersom eg foretrekk å ta kyrkjebusinessen min utanfor skulesamanhengjer. Men både rektor og prestar og skulestyret hadde gode talar til oss. Tilbake til nana's etterpå, og då gjekk det i bålbrenning, poker, motorsykkelturar, leik og god mat. Eg var så lenge ute at pollenet fekk eit godt angrep på meg, så augene mine er raude, nasen min tett og halsen min kløande. I tillegg, var det bæsjevarmt og eg leika med hunden. Eg luktar svett, hund og bål. På tide med ein dusj før eg legg meg, det er heilt klart. Ein veldig god dag, men no er eg kjempetrøyt! Me snakkast. Dette er mest sannsyneleg det siste eller nest siste vanlege blogginnlegget eg skriv, for neste sundag på denne tida befinn eg meg lengre ikkje i Arkansas.
Nok ein gong: gratulerer med dagen! :)
mandag 11. mai 2009
Kaketrøbbel


Kor mange gognar har ikkje du høyrd meg seie «kven trenger no oppskrifter?». Så dårleg eg er til å lære av mine eigne feilar, har det skjedd igjen. Les følgjande kakelogg:
14.00 : Ingrid tenkjer at ei kake hadde vore fint til morsdagen til Joy og Nana. Kake er godt.
14.15 : Ingrid sit på dataen og leitar opp oppskrifter
hmmm, kvar er oppskrifta eg brukte sist? Den kaka blei jo så god
14.20 : Kakeoppskrift umogleg å oppdrive med mine søke-evner. Ingrid set i gong søkjinga etter nye oppskrifter.
14.30 : Ingrid befinn seg på kjøkkenet med laptopen, 5 vindu oppe, med ulike oppskrifter på «verdas beste sjokoladekake».
14.35 : 2 store egg. Ingrid tilset det som visar seg å vere den fyrste indegriensen.
14.37 : 5 desiliter sukker. Æsj, litermål, i oz. Kor mange oz er det i ein dl?
Ingrid held fram med augemål. Kven treng oppskrifter uansett, kven kan øydeleggja ei skuffekake?
14.45 : Ingrid er komen fram til «melk». Sist gong eg lagde kake var det surmjølk i ho, ikkje vanleg mjølk!
14.50 : Kakedeig ferdig. Dette ser jo bra ut, deiga smakar jo himmelsk! Ingrid sett kaka i omnen på 350 grader Farenheit.
15.15 : Ingrid i full gang med oppvasken. Sjekkar kaka: Dette ser bra ut, men ein litan nedsynk i midten er å skode. Midten er berre ikkje ferdig enno.
15.25 : Ææ, kaka er framleis nedsunken i midten. Får vente litt til. 15.30 : Ingrid opnar nok ein gong komfyren, for å sjekke kaka. På tide å sjekke med ein tannpirkar.
15.31 : Drit. 15.32 : Kaka er tatt ut, og står på benken. Ingrid er opptatt med å stikke hol med tannpirkarar. Gah.
15.33 : Ingrid blir ståande å sjå på den fine kake, og sørge over kor tørr den er.15.35 : Ehhh, guys. I might have overcooked your cake.
Sukk.
For å besvare «kven kan øydeleggja ei skuffekake»-spyrnaden, så trur eg at alle veit kven det er. MEG. Men full av sjølvtillit er eg, kvar gong eg startar på ei ny kake, og kvar gong blir det ein ny fiasko. Eg har prøvd å analysere kva eg gjer feil, men kvar gong er det noko ulikt. Eg trur det ligg langt bak i undermedviten– eg har ei undermedvit psykisk tvagsliding. Noko tragisk har skjedd i barnodommen (kva har eg enno ikkje kome fram til) som gjorde at mine bakeevner er skada, og at eg undermedvidt øydeleggjer mine eigne husmorprosjekt. Det handlar om meir enn kake. Den gongen eg skulle utføre den tilsynelatande enkle oppgåva å vaske tennissko, heiv eg dei i maskina på 40 grader, noko skjedde og dei kom ut rosa. (nei, det var ikkje raude sokker i masking). Pannekaker – smør på veggen?, Ting som salt, bakepulver, sukker, gjær, og ymse andre verkar som ikkje eksisterar i ordforrådet mitt. Og lat meg no ikkje byrja å tala om kanelsnurrane eg prøvde å lage etter jul i år. Mamma, pappa, de veit nok kanskje ikkje det her, men sentralstøvsygaren har ete mang ein sokk frå rommet mitt. Sjølvsagt kan eg berre skulde på familien. Mamma og pappa har skjerma meg alt for mykje, og vore for snille. Uheldigvis er det ingenting som kan bli gjort no. Skada kom i barndommen, og å gje meg nye opplevingar med husarbeid eller baking er nok liten vits i. Eg konkluderar med at eit liv utan husarbeid og baking er det beste for meg no. Hehe =)
Heldigvis lagde eg ei ny kake (denne endte opp med å knekke på midten, men eg limte ho med sjokoladeglasur).
Eg har lært Joy å seie DRIT! (dreit? drite? drit!)
Så kom sundagen. Folka for til kyrkje og til Granny's medan eg sov søtt. Når dei endeleg kom heim att, for me alle saman over til Nana's. Der venta Rocky, som framleis hadde ein krig gåande med meg. Eg fekk ein isbit i ryggen. Så fekk han ein isbit ned hans rygg. Deretter hadde han barberskum i håret mitt, medan eg haldt fram med å trykke ein mandarinbit inn i øyret hannar. Deretter prøvde han å knuse eit egg i lomma mi, noko som bakfyrte, men eg kom raskt tilbake med vaselin på augelokka hans. No ventar det framleis, etter at han tok ein neve flytande lim og smurde på halsen min. Ikkje pent. Her kjem eit par bilete frå dagen.
Resten av appelsinen endte opp i t-skjorta mi, sa eg det?
Rocky og eg. Stille før stormen.
Kaka eg lagde :D
lørdag 2. mai 2009
Luftfuktigheit og kjærleik
Måndag og tysdag var det klart for skodespel i regi av Beta Club på skulen. Som de kanskje har lest har me vore nede på the Cane Hill College og pussa opp og renovert og gjort klart for eit skodespel fleire helger i det siste. Vel, dagen før skodespelet var sett opp kom der ei dame frå collegekommittéen, og lot oss få vite det at der var det slettes ikkje trygt å ha eit skodespel. Så heile sulamitten blei så flytta direkte opp til audotoriumet på skulen. All den jobbinga for absolutt inkje. Veldig frustrerande. Eg og eit par andre hadde meldt oss frivillige til å hjelpe med å sel snacks og drikke til publikumet under skodespelet. Det viste seg at skodespelet skulle vare ein 3,5 timar og med 2 timar oppmøte før og etter vart det rett og slett veldig mykje daudtid for oss. Eg, Joey, Spencer og Amanda og Chris hengte inne på biblioteket og leikte gøym og leit for å slå i hel tida. Vi leita i par, noko som førte til diverse problem. Eg og Joey var inne på kopirommet for å telje, då me bestemte oss for å prøva ut kopimaskina. Vi la hendene på kopimaskina, og skulle til å ta ein kopi av hendene våre då me ikkje kunne finne knappen som verka mest logisk å trykkja for å lage ein kopi. For å endeleg kunne produsere ein kopi trykte me likesågodt alle knappane på maskina (inkludert alle tala.. kan du sjå kor dette kjem til å ende?) for å få ein kopi. Vel, kva kan eg seia, kopimaskina byrja å kopiere. KAPSSHHHW KAPSSSHHW, og ut kom det kopi etter kopi... etter kopi etter kopi etter kopi etter kopi. Ganske snøgt faktisk, og då bunken hadde vorte omlag 1 cm tjukk byrja me å bli litt paniske etter som den berre vaks seg større og større. Det enda opp med at vi drog ut alle kontaktene, for å stoppe prosessen. Kva me gjorde med dei 220 kopiane av hendene våre? Vel, lat meg berre seia at nokre glade bokormar kjem til å få seg ei overrasking når dei åpnar mang ei bok.
Betaklubben gjekk mest sannsyneleg i underskudd den kvelden, for skodespelarane og dei som hjalp til fekk såklart gratis mat. Og 7 ungdommar med gode 4 timar å slå i hel, med ei tralle full av bananar, is, kakao, mochas, krem, tyggis og ymse anna? Du kan seie at fleirtalet av oss gjekk heim att med ein mage full av betaklubbgodis.
Tysdagen hadde dei låst biblioteket (Kvifor? Kanskje fordi møblane var litt på feil plass, ettersom det er naudsamt å flytte sofaar for å finne brukbare gøymeplassar?). Så då måtte me henge i commons areaet. Den kvelden var det meg, Michael Lor, Kong, Amanda, Chris og Mary Lee. Etter at Amanda hadde fortalt meg og Chris om gutteproblemet sitt, bestemte eg meg for å leike Kirsten Giftekniv på Lincoln High School. Eg stod under eit problem der to var "in like", men begge for sjenert til å ta fyrste steget. Spencer er ein gut som treng litt fart, tenkte eg. Dette skal bli bra! Og Amanda var heilt enig. Eg fortalte Spencer seinare at eg syns at han og Amanda kom til å bli eit bra par, men då fekk han hetta ,ettersom han trudde at eg antyda at han "likte" Amanda, og benekta heile historia. Jaja, så kanskje bakfyrte det littegrann. Eg lærte i allefall ikkje leksa mi, og er no i full gang med å matche opp Hien og Reilly! :D Ein må jo lage litt leven dei siste 20 dagane ein har igjen på skulen. Er de ikkje samde?
I dag er det Laurdag, og eg og Amanda har vore på basketballkamp i Springdale, for å treffe ein kompis av henne. Det var ein usakeleg keisam kamp å sjå på så me vart sitjande å prate og kaste m&m's på publikum framføre oss. No skal eg og Abby til Faytown på kino, og i morgon er det Ellies first communion.
- 18 dagar til Mamma og bror kjem :)
- 20 dagar til graduation
- 22 dagar til eg forlater Arkansas
- 37 dagar til flyet lettar frå Chicago og eg vendar nasen heim att til gamle Noreg!
Eg gler meg,gjer du? :)
Fred ut! :)
søndag 26. april 2009
Prom
Casey, Christian, April og meg i Battlefield Park. Casy tok den heilt ut med tweed-dress og babyblå rusjeskjorte, og Christian med intet mindre enn mokkasinar og svart og kvit sløyfe og grøn jakke. En svær suksess!
April i eit hav av rosa puff- prøver å få av skoa for å kunne køyre.
Meg og Hunter.
Prom dinner på Mac D!
Lyette, KK, hugsarikkjekvahoheiter, Jessica, April og meg!
Me bloggast igjen neste veke.
søndag 19. april 2009
Sjuk - sjukare - sjukast
No som eg har vore heime har eg fått gjort mykje spanande.
NRK.no har jo gratis nett-TV, så eg har sotte på internett og sett på nett-tv som ein annan slave. Og dette er hittil lavpunktet på sjukperioda mi: eg var inne på nett-TV, og ferska meg sjølv i å sjå igjennom fleire av innslaga til årets Melodi Grand Prix. Eg måtte klapse meg sjølv i fjeset i det eg klikte på Tyrkia sin song. Nei dette går ikkje an. Eg fortsatte så til Typisk Norsk, og kom igjennom heile sesong 2, pluss nokre episodar av den fyrste sesongen. Sjølv om eg har sett dei før: Typisk Norsk er eit heilt kjempekjekt program, og Peter Schærven er jo kjempemessig! I tillegg har eg sett rundt 10 episodar av «How I Met Your Mother», og litt Løvebakken.
Derek har blitt frisk. Lanie har fått snufsen, og i dag fekk Joy også det. Xavier er mest frisk, men slit fortsatt med ei djup hoste. Laurdag var Ellie sjuk, og låg på sofaen og masa etter mat og godteri med ei sytete stemme heile dagen. Og så hadde ho nervane til å seie at ja, ho var den sjukaste i heile familien no! Her har eg vore sjuk i over ei veke, og kva får eg? Fråstole den einaste tittelen eg kunne ha. Inga ære for den sjuke nordmannen, her er det amerikanaren fyrst. Ja, og Sarah er og vore plaga med hoste og feber.
Men. Manana, manana, som vi säger!
søndag 12. april 2009
Drittsjuk
Og vær så snill, ikkje gjev meg den vanlege "drikk eit glas appelsinjuice!" eller "hugs å drikk mykje vatn!" eller "alt du treng er å sova lite grande". For kven i all verda har lyst å setje seg ned å tømme nedpå ein liter appelsinjuice når ein er sjuk? Eller "mykje vatn"?!. For å ikkje snakke om soving. Soving er heilt fælt når ein er drittforkjøla, det trur eg me kan seie oss enige i. Leppene blir heilt guggete når du vaknar, natta er plaga med hetetokter og at ein vaknar med gåsehud. Ikkje får ein puste skikkeleg, og om du er ekstra heldig så sleng du på ein dæsj insomnia midt på natta, når ALT du har lyst til er å sove, men det er elles umogleg. Eg veit kva eg BØR gjere, men lat oss alle innsjå at det er sjeldent det skjer når du er sjuk. Hittil har eg drukke 2 boksar Cola og 3 stringed cheese. Mat og drikke er ikkje noko eg har lyst på akkurat no.
Eg reknar med at alle er klar over at eg kan sitje å surmule og syte over kor sjuk eg er, men ettersom eg er fyllt med sympati så skal eg halde fram med litt andre hendingar over denne veka.
Her, i tilfeldig rekkjefølgje:
- Me hadde filmdagar på skulen, der me altså kunne betale 1 dollar for å sleppe arbeidsplantimen og få sjå film i audotoriumet. Dette var til inntekt for skulekoret.
- Mr.Williams kjøpte ein donut til meg på fredag til frukost. "Here, Norway - this is for you. Because we love you".
- Eg og Abby var stad å gjekk i Battlefield Park ein dag. Kjekt.
- Eg rota meg vekk på WalMart. Igjen.
- Eg har skrive ferdig invitasjonar/announcements til graduation. Nokre få heldige får ein i posten :)
- Eg har kjøpt meg nye Jesussandalar.
- Ms Morris kjøpte cupcakes til heile klassen på fredag.
- EG KAN ETE KJØTT IGJEN!
- Må sjukt på do og tisse akkurat no.
- Eg har ikkje vaska klede på lenge, så eg er tom for bukser, og har levd i tights og joggebukser og shorts i det siste. Som ei nødløysing kjøpte eg meg ein drittbillig shorts på WalMart her ein dag, for å kunne unngå å måtte vaske klede.
Filmar eg og Derek no har gått igjennom: The simpsons movie, the golden compass, arachnofobia, mission impossible 2, the onion movie, og ein annan ein som eg ikje hugsar, for det va då eg tok ein nap. Vi har og auga på 2 nye før kvelden er over. Eg har for det meste forblitt på sofaen i heile dag, forutan eit dobesøk eller to. Oh, what left to do, but complain?
Nok ei veke er gått. 55 dagar til flyet lettar frå USA med kurs for Noreg!
adios!
Eg er ei skjønheit utan sminke. God påske:)
The Kooks - Tick of Time !

